mandag 25. august 2008
søndag 24. august 2008
Jutulen og Johannes Blessom
Slik er eventyret om Jutulen og Johannes Blessom skildra av Thorbjørn Egner då han kom til Blessom under krigen.
Jutulen og Johannes Blessom vart fyrst nedskrivi av Peter Chr. Asbjørnsens Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn og Norske Folkeeventyr. Asbjørnsen fekk høyre segnet i 1842. Vagværen Johannes Blessom, fekk skyss heim med sjølvaste Jutuelen ei julenatt. Sikkert er det vertfall at Johannes Blessom var brukar på Blessom fyrst på 1600- talet og at han drog til København for å ordne ei sak.
lørdag 23. august 2008
Blessom
Blessom sett frå jordet ein kald januardag - 2008. I fylgje lokalhistorikar Ivar Kleiven var Blessom den fyrste garden som vart rydda i Vågå. Folk frå Lesja kom over fjellet og leitte etter ein plass å busette seg... på spørsmål om dei hadde funne ein dugeleg plass var svaret "Eg fann nå ei blesse", blesse tyder opning i landskapet, og her stammer namnet Blessom frå.
Etiketter:restaurering, arkitektur, hotel
Nordigard Blessom
fredag 22. august 2008
Forsøk på å få 1.stokk mot aust på plass.
Arvid tilpassar stokken med motorsag..
Ny sjanse: 24.8.08 stokken kjem på plass...Arvid og Einar freistar å få den nye stokken mot aust på plass. Bestemor betraktar arbeidet og må konstantere at forsøket mislykkast.
22.august. Nye forsøk ventar.
Etiketter:restaurering, arkitektur, hotel
Fjerning av fyrste stokken mot aust... juli 2008
onsdag 20. august 2008
Fjerning av 1. stokk mot aust
Etiketter:restaurering, arkitektur, hotel
Fjerning av fyrste stokken mot aust... juli 2008
Dugnadsarbeid for å fjerne stubbloft og leire i klevan. Vona var at det gamle golvet skulle ligge under 50-talls golvet. Dessverre var dei gamle golvbodra høgd opp og bruktsom stubbloft. Einar, Arvid, Estin og Pål. Juli 2008.
Etiketter:restaurering, arkitektur, hotel
Arbeid med Nedre Stugu
Krone og takbjelker
Himling i klevan.
Vi skulle som planlagt fjerna dei sekundære huntonittplatene som dekte den originale himlingen. Det viste seg da at 3 av 4 originale takbjelkar var knekt tvers av. Årsaken var at bjelkene var lagt på tvers i rommet, ca 7m lange mot vanleg at bjelkar i klevar er lagt på tvers av rommet og her fått ei lengde på bere ca 4,2 m. Vi ser at da dei ein gong i tida skulle gjere i stand 2.høgda av huset og sikkert fylte meire silt og også stein på himlinga måtte dei leggje inder bjelkane ei "krone" for å hjelpa bjelkene med bæringa. Krona var lik den i stugurommet. På 1900- talet vart krona teken ut att da klevan skule få ei ny rominndeling med delevegg ved sida av krona. Vi har nå saga ny krone som skal inn i dei gamle spora att. Vi har også fjerna tyngda på bjelkane ved å ta ut silten og steinen ca 9 kubikkmeter. Dei knekte bjelkane vil da kunne brukast som før.
Einar Holen, 27.6.2008
Utdrag frå brev til kulturminnefondet.
Etiketter:restaurering, arkitektur, hotel
Arbeid med Nedre Stugu
Spir
For å redde spiret vart det teke ned, og rekonstruksjon av spir er skore av Gunnar Kleiven.
Etiketter:restaurering, arkitektur, hotel
Spir
Grunnmur
Ein har sett at grunnmuren hadde ei utbuling mot sør under stugurommet. Dette visste ein det måtte gjerast noko med for grunnmuren under klevan på same sida hadde vorte rearert for fleire år sidan på grunn av utbuling og utrasing. For å kjenne betre korleis muren var stakk vi eit spett ned i muren. Dette var nok til at utvulinga "sprakk" og fleire kvadatmeter med mur rasa. Det viste seg at muren ikkje var skikkeleg mur men berre ei oppløing av stein, der ein under oppløinga hadde pakka silt, lokalt kalla leire, bak kvar stein slik at han låg roleg. Muren hadde stein som bygde frå 10cm til 60 cm inn i silten. Den delen av muren som skulle være synleg innanfrå hadde fin fasade medan den delen som skulle vera synleg utanfra og det som var i den gamle kjellaren hadde fin fasade. "Baksida av muren var å sjå på som ei røs.
Spørsmålet var kva ein nå skulle gjera for å sikre at mest mogleg av muren vart ståande. Preisen som stod på ei steinrøys som støtta seg mot muren som rasa ut måtte fyrst sikrast. Betong vart brukt ved oppmuringa att av muren under klevan og vi fann ut at vi fekk bruke betong nå også. Alternativet var å la all mur eller eller røys rase ned og mure opp att tradisjonell mur. Vi støtta difor peisen og veggande som stor opp med stolper og stag og støypte opp permanent sikting under peis, innvendig på søre mur og utvendig på muren til den gamle kjellaren. Nå blir det i alle fall solidt og der er framleis mogleg å sjå korleis "muren" ein gong var orginal. Betong utvendig blir berre inder bakken. Mur over bakken blir foga i hop. I den nye muren mot sør set vi inn ei dør slik at ein nå kan gå inn i kjellaren utan å gå ned gjennom kjellarlemmen. Muren blir nå ståande på fjell huset rundt.
Dette var ein av fleire uforutsette arbeidsoppgåver som dukka opp.
Utdag av Einar Holen sitt brev til kulturminnefondet, 27.6.2008.
Etiketter:restaurering, arkitektur, hotel
Arbeid med Nedre Stugu
Abonner på:
Innlegg (Atom)