lørdag 26. desember 2009

Takk til!








Norsk Kulturminnefond,  http://www.kulturminnefondet.no/


Takk for økonomisk støtte i året som har gått, vi ser nå at utan tilskot hadde dette prosjektet vore vanskeleg å gjennomføre. 

Mange personer har kome med verdifulle råd, blant anna "Sprossa" som velvillig svarte på sprørsmål då eg ringte: http://www.sprossa.no/



Forebels interiør.
Kjøkenet er laga av Ekre snekkerverksted på Lalm. Dette er plassert der sultklevan låg.

fredag 25. desember 2009

Vindauge

Gamle bilete, og rester etter eldre vindauge synder at det har vore småruta glasruter i Nedre Stugu. Glasa i 2. etasje er typisk sveitserstil, ein stilart som kom til Gudbrandsdalen ca 1890. Veden i eldre glas er ofte av god kvalitet difor valde vi å behalde dei gamle glasa i staden for å byte desse ut med småruta glas som det opprinneleg har vore. 


Mønsås, taktro og takåser




Mønsåsen og to takåser måtte skiftast ut. Noko av taktroa måtte også skiftast.

Fortroa og raftstikkene er skifta.






Sval

Mønsåsen til svala vert forma til før den vert lagt på plass.

Ein del av svala måtte demonterast for å skifte ut rotne parti.

torsdag 24. desember 2009

Torvtak - demonterting - nytt torvtak






Torvtak vart fjerna for at taket kunne vølast. Etter at taket vart restaurert vart torvtaket lagt på. Torvtak vart levert av Håkon Engen, og lagt i løpet av nokre timar. Dette var ein av dei siste dagane før frosten kom. Under torvtaket var det lagt propanduk. 

Tak




Tak:
Svein Arne Tessnes tok over hovudansvaret for restaureriinga etter at Einar Holen slutta. Jord og papp på taket vart fjerna og skadar vart utbetra. Vindskier og torvlister vart demontert og rekonstruert fordi dei var i dårleg forfatning. Underlagspapp, protan, torvoler og never vart lagt.

Tak på sval:
24m2 med skifter vart av - og påmontert. Taktroa vart reparert.