mandag 22. november 2010

Akantusutskjæring og heimeavla epler i Nedre Stugu.

Har vore i sjodalen der vi har bygger hytte, her er bilete frå elva Sjoa.


søndag 21. november 2010

Restaureringsblandet Gamle Hus og Hager på besøk!




Nå er det lenge sidan eg har skrivi noko her, men det har skjedd mykje spennande den siste tida!
Kari Marte Frøyset frå restaureringsbladet Gamle Hus Hager har vore på kosleg "julebesøk" besøk og laga reportasje. I julenummeret av Gamle Hus og Hager nr 6 kan dykk lese om restaureringa av Nedre Stugu, og sjå korleis huset ser ut julepynta!

Alle bilete er teke Kari Marte Frøyset. Ho var tidlegare fotograf for Blomqvist, men sakna eit norsk blad som tok for seg restaurering, byggeskikk og bygningsvern.
Bilete frå Gamle Hus og Hager nr6, 2010

Gamle Hus og Hager er eit must for alle som er interessert i restaurering og gamle bygningar: http://www.gamlehusoghager.no/http:/


God jul helsing Ingrid Blessom!



fredag 11. juni 2010




Verdiskapningsfondet hadde 3-dagers møte i Vågå. Blant 30 besøkande på Nordigard Blessom var blant anna mi heltinne innanfor restaurering Else Rønnevig, også kaldt Sprossa.

Ein annan som kom på besøk var Einar Engen i Norsk Kulturminnefond. Sommaren for 3 år sidan vitja eg og pappa Norsk Kulturminnefond på Røros, og la fram restaureringsplanane etter at søknaden vart avvist fyrste gongen vi sendte den inn. Etter forbetringar i søknaden, og besøket på Røros gjekk søknaden gjennom og dette var startskotet for ein restaureringsprosess som har pågått dei siste tre åra.

Rådet til alle dei som søkjer Kulturminnefondet på Røros om støtte og som vert avvist er å kontakte Kulturminnefondet og høyre om korleis søknaden kan forbetrast. Nålauge er trongt, men om ein fyrst får støtte frå Kulturminneforndet på Røros er det mykje lettare å få tilskot frå andre stiftelser og organisasjonar! Eg er vertfall svært glad for at Kulturminnefondet tok mot oss, og at Jon Sul og Einar Engen hadde tru på prosjektet vårt!


torsdag 6. mai 2010






Edda Espeland og Olav Wæthin frå magasinet "Det gode liv", var på besøk på Vågå Gardshotell, dei besøkte Nordigard Blessom, Valbjør og Ekre.

Direktør i Norsk Kulturarv Grete Horntvedt, Cecilie Asp, Live Hosar og Mathias Øvsteng var med på middag på Nordigar Blessom.

Her er nokre bilite frå visitasen.

blessom.smugmug.no

http://www.kulturarv.no/index.aspx?cat=24734&article=3999506

fredag 9. april 2010

Påska 2010

søndag 28. mars 2010


Reidar Berg har smidd beslag. Beslaget er kopi av beslaget som truleg har vore i Nedre Stugu tidlegare. Døra er nylaga av brødrene Løkken på Lalm og er den siste døra dei laga før dei slutta. Døra er måla med pariserblått (berlinerblå). Døra var fyrst grunna med surmjølk tilsett berlinerblå pigment, og kvit vassbasert måling. Deretter vart ho marmorert med berlinerblå og kvit oljebasert måling. Den berlinerblå oljemålinga vart laga av kokt linoljemåling som kan kjøpast på KEM (kunstnernes eget materialutsalg i Oslo), og MOLO som frå April får utsalg i Bogstadveien! Berlinerblått pigment vart kjøpt hos KEM i Oslo.

Pigment og linolje kan bestillast her:
http://www.kem.no/

Mykje av linoljemålinga vi har brukt er kjøpt hos Molo som du finn på Bærum verk, men som i April opnar butikk i Bogstadveien!
http://www.moloas.com/

søndag 21. februar 2010

Torsdag var blant anna Riksantikvar Jørn Holme, styreleder i Norsk Kulturarv, direktør i Norsk Kulturarv Grete Horntvedt på besøk og såg på Nedre Stugu. NRK var også til stades!

http://www.nrk.no/nett-tv/distrikt/ho/verdi/123781/