mandag 25. august 2008
søndag 24. august 2008
Jutulen og Johannes Blessom
Slik er eventyret om Jutulen og Johannes Blessom skildra av Thorbjørn Egner då han kom til Blessom under krigen.
Jutulen og Johannes Blessom vart fyrst nedskrivi av Peter Chr. Asbjørnsens Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn og Norske Folkeeventyr. Asbjørnsen fekk høyre segnet i 1842. Vagværen Johannes Blessom, fekk skyss heim med sjølvaste Jutuelen ei julenatt. Sikkert er det vertfall at Johannes Blessom var brukar på Blessom fyrst på 1600- talet og at han drog til København for å ordne ei sak.

lørdag 23. august 2008
Blessom
Blessom sett frå jordet ein kald januardag - 2008. I fylgje lokalhistorikar Ivar Kleiven var Blessom den fyrste garden som vart rydda i Vågå. Folk frå Lesja kom over fjellet og leitte etter ein plass å busette seg... på spørsmål om dei hadde funne ein dugeleg plass var svaret "Eg fann nå ei blesse", blesse tyder opning i landskapet, og her stammer namnet Blessom frå.
Etiketter:restaurering, arkitektur, hotel
Nordigard Blessom
fredag 22. august 2008
Forsøk på å få 1.stokk mot aust på plass.
Arvid tilpassar stokken med motorsag..
Arvid og Einar freistar å få den nye stokken mot aust på plass. Bestemor betraktar arbeidet og må konstantere at forsøket mislykkast.
22.august. Nye forsøk ventar.
Etiketter:restaurering, arkitektur, hotel
Fjerning av fyrste stokken mot aust... juli 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)