søndag 28. mars 2010


Reidar Berg har smidd beslag. Beslaget er kopi av beslaget som truleg har vore i Nedre Stugu tidlegare. Døra er nylaga av brødrene Løkken på Lalm og er den siste døra dei laga før dei slutta. Døra er måla med pariserblått (berlinerblå). Døra var fyrst grunna med surmjølk tilsett berlinerblå pigment, og kvit vassbasert måling. Deretter vart ho marmorert med berlinerblå og kvit oljebasert måling. Den berlinerblå oljemålinga vart laga av kokt linoljemåling som kan kjøpast på KEM (kunstnernes eget materialutsalg i Oslo), og MOLO som frå April får utsalg i Bogstadveien! Berlinerblått pigment vart kjøpt hos KEM i Oslo.

Pigment og linolje kan bestillast her:
http://www.kem.no/

Mykje av linoljemålinga vi har brukt er kjøpt hos Molo som du finn på Bærum verk, men som i April opnar butikk i Bogstadveien!
http://www.moloas.com/