fredag 11. juni 2010




Verdiskapningsfondet hadde 3-dagers møte i Vågå. Blant 30 besøkande på Nordigard Blessom var blant anna mi heltinne innanfor restaurering Else Rønnevig, også kaldt Sprossa.

Ein annan som kom på besøk var Einar Engen i Norsk Kulturminnefond. Sommaren for 3 år sidan vitja eg og pappa Norsk Kulturminnefond på Røros, og la fram restaureringsplanane etter at søknaden vart avvist fyrste gongen vi sendte den inn. Etter forbetringar i søknaden, og besøket på Røros gjekk søknaden gjennom og dette var startskotet for ein restaureringsprosess som har pågått dei siste tre åra.

Rådet til alle dei som søkjer Kulturminnefondet på Røros om støtte og som vert avvist er å kontakte Kulturminnefondet og høyre om korleis søknaden kan forbetrast. Nålauge er trongt, men om ein fyrst får støtte frå Kulturminneforndet på Røros er det mykje lettare å få tilskot frå andre stiftelser og organisasjonar! Eg er vertfall svært glad for at Kulturminnefondet tok mot oss, og at Jon Sul og Einar Engen hadde tru på prosjektet vårt!