tirsdag 25. august 2009

Nasjonalbiblioteket

Nedre Stugu til vinstre i bilete, medan ein ser steinfjoset til høgre. Dette vart teke ned. I midten ser ein stallen som nå fungerer som scene i Jutulhiemen. Det vesle huset framom stallet var hønehuset. 

Her ser ein Nedre Stugu med stega. Låven står framleis på same plassen, medan huset til høgre i bilete vart seld til Darthusom, og står der i dag. 









torsdag 20. august 2009


Beslag på dørene



Beslaga er kopiar av beslag som kan ha stått i Nedre Stugu, men mykje tyder på at dei originale dørene står i Hornebua i Sjodalen. Denne bua er ikkje lenger i familiens eige, men dørene står her framleis og er måla i ei sterk berlinerblå farge - ei farge som vart utvikla fyrst på 17- 00 tallet.

Beslaga på bilete har Reidar Berg har smidd, og er her i gang med å tilpasse dei til døra inn mot klevan. Barnebarnet Syver fylgjer med! Dørene er laga av Tessand snikkerverkstad.







Timraveggene i klevan vert rappa. Linoljemåling er bestilt frå Sverige, og klevan skal målast i dei eldste fargene som er funne under dei mange laga av måling. Penklevan vart dermed rosa, med københavnergrønt på dei tri nedste stokkane. Øverst mot lista skal det målast ei rosa stripe. Arkitekt Jan Andersen, tidlegare ansett sjå riksantikvaren har vore fargekonsulent.

Då vi restaurerte Øvre Stugu etter brannen i 2000, vart timbraveggene sparkla og likna på plastikk. Vi var beviste på at denne gongen skulle kun grove sprekker rappast med ei blanding av rugmjøl, sand og vatn.