mandag 25. august 2008

søndag 24. august 2008

Nedre Stugu i kunst


Rolf Kongsvold.

Jehans Holbø
Knut Ljøsne
Knut Ljøsne
Knut Ljøsne

Jutulen og Johannes Blessom








Slik er eventyret om Jutulen og Johannes Blessom skildra av Thorbjørn Egner då han kom til Blessom under krigen.

Jutulen og Johannes Blessom vart fyrst nedskrivi av Peter Chr. Asbjørnsens Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn og Norske Folkeeventyr. Asbjørnsen fekk høyre segnet i 1842. Vagværen Johannes Blessom, fekk skyss heim med sjølvaste Jutuelen ei julenatt. Sikkert er det vertfall at Johannes Blessom var brukar på Blessom fyrst på 1600- talet og at han drog til København for å ordne ei sak.



Bilde:Arbo-Jutulen og Johannes Blessom.jpg


Lenkar

Lenkar til gardshotellet 

lørdag 23. august 2008

Blessom



Blessom sett frå jordet ein kald januardag - 2008. I fylgje lokalhistorikar Ivar Kleiven var Blessom den fyrste garden som vart rydda i Vågå. Folk frå Lesja kom over fjellet og leitte etter ein plass å busette seg... på spørsmål om dei hadde funne ein dugeleg plass var svaret "Eg fann nå ei blesse", blesse tyder opning i landskapet, og her stammer namnet Blessom frå. 

fredag 22. august 2008

Forsøk på å få 1.stokk mot aust på plass.

Arvid tilpassar stokken med motorsag..
Ny sjanse: 24.8.08 stokken kjem på plass...





Arvid og Einar freistar å få den nye stokken mot aust på plass. Bestemor betraktar arbeidet og må konstantere at forsøket mislykkast. 
22.august. Nye forsøk ventar. 



onsdag 20. august 2008

Tak



Vindskier og torvlister er demontert, og restaurert eller rekonstruert.

Botnsvile


Botnsvila lot seg ikkje redde, og skal skiftast ut med ei ny.


Nordigard Blessom sett frå jordet

Nedre Stugu - sommarkveld juli 08

Fjerning av 1. stokk mot aust












Dugnadsarbeid for å fjerne stubbloft og leire i klevan. Vona var at det gamle golvet skulle ligge under 50-talls golvet. Dessverre var dei gamle golvbodra høgd opp og bruktsom stubbloft. Einar, Arvid, Estin og Pål. Juli 2008. 

Krone og takbjelker




Himling i klevan. 
Vi skulle som planlagt fjerna dei sekundære huntonittplatene som dekte den originale himlingen. Det viste seg da at 3 av 4 originale takbjelkar var knekt tvers av. Årsaken var at bjelkene var lagt på tvers i rommet, ca 7m lange mot vanleg at bjelkar i klevar er lagt på tvers av rommet og her fått ei lengde på bere ca 4,2 m. Vi ser at da dei ein gong i tida skulle gjere i stand 2.høgda av huset og sikkert fylte meire silt  og også stein på himlinga måtte dei leggje inder bjelkane ei "krone" for å hjelpa bjelkene med bæringa. Krona var lik den i stugurommet. På 1900- talet vart krona teken ut att da klevan skule få ei ny rominndeling med delevegg ved sida av krona. Vi har nå saga ny krone som skal inn i dei gamle spora att. Vi har også fjerna tyngda på bjelkane ved å ta ut silten og steinen ca 9 kubikkmeter. Dei knekte bjelkane vil da kunne brukast som før. 

Einar Holen, 27.6.2008
Utdrag frå brev til kulturminnefondet. 

Spir



Spiret er truleg skore av den lokale kunstnaren Jakob Sæterdalen, som også skar preikestolen i stavkyrkja i Lom (1793), etter å ha utkonkurert sjølvaste Skjåk-Ola. Etter dette har akanturskurden vore umåteleg populær i Gudbrandsdalen. Kanskje har dette å gjere med at trevirket veks seint, og at det dermed vert hardare og dugeleg til treskjæring. Liknande spir finn ein au på Gardsøy, og truleg var det same arkitekt som sto bak stugu på Gardsøy, som på Nedre Stugu.

For å redde spiret vart det teke ned, og rekonstruksjon av spir er skore av Gunnar Kleiven. 

Grunnmur



Grunnmur: 
Ein har sett at grunnmuren hadde ei utbuling mot sør under stugurommet. Dette visste ein det måtte gjerast noko med for grunnmuren under klevan på same sida hadde vorte rearert for fleire år sidan på grunn av utbuling og utrasing. For å kjenne betre korleis muren var stakk vi eit spett ned i muren. Dette var nok til at utvulinga "sprakk" og fleire kvadatmeter med mur rasa. Det viste seg at muren ikkje var skikkeleg mur men berre ei oppløing av stein, der ein under oppløinga hadde pakka silt, lokalt kalla leire, bak kvar stein slik at han låg roleg. Muren hadde stein som bygde frå 10cm til 60 cm inn i silten. Den delen av muren som skulle være synleg innanfrå hadde fin fasade medan den delen som skulle vera synleg utanfra og det som var i den gamle kjellaren hadde fin fasade. "Baksida av muren var å sjå på som ei røs

Spørsmålet var kva ein nå skulle gjera for å sikre at mest mogleg av muren vart ståande. Preisen som stod på ei steinrøys som støtta seg mot muren som rasa ut måtte fyrst sikrast. Betong vart brukt ved oppmuringa att av muren under klevan og vi fann ut at vi fekk bruke betong nå også. Alternativet var å la all mur eller eller røys rase ned og mure opp att tradisjonell mur. Vi støtta difor peisen og veggande som stor opp med stolper og stag og støypte opp permanent sikting under peis, innvendig på søre mur og utvendig på muren til den gamle kjellaren. Nå blir det i alle fall solidt og der er framleis mogleg å sjå korleis "muren" ein gong var orginal. Betong utvendig blir berre inder bakken. Mur over bakken blir foga i hop. I den nye muren mot sør set vi inn ei dør slik at ein nå kan gå inn i kjellaren utan å gå ned gjennom kjellarlemmen. Muren blir nå ståande på fjell huset rundt. 

Dette var ein av fleire uforutsette arbeidsoppgåver som dukka opp. 

Utdag av Einar Holen  sitt brev til kulturminnefondet, 27.6.2008.