fredag 9. april 2010

Påska 2010

søndag 28. mars 2010


Reidar Berg har smidd beslag. Beslaget er kopi av beslaget som truleg har vore i Nedre Stugu tidlegare. Døra er nylaga av brødrene Løkken på Lalm og er den siste døra dei laga før dei slutta. Døra er måla med pariserblått (berlinerblå). Døra var fyrst grunna med surmjølk tilsett berlinerblå pigment, og kvit vassbasert måling. Deretter vart ho marmorert med berlinerblå og kvit oljebasert måling. Den berlinerblå oljemålinga vart laga av kokt linoljemåling som kan kjøpast på KEM (kunstnernes eget materialutsalg i Oslo), og MOLO som frå April får utsalg i Bogstadveien! Berlinerblått pigment vart kjøpt hos KEM i Oslo.

Pigment og linolje kan bestillast her:
http://www.kem.no/

Mykje av linoljemålinga vi har brukt er kjøpt hos Molo som du finn på Bærum verk, men som i April opnar butikk i Bogstadveien!
http://www.moloas.com/

søndag 21. februar 2010

Torsdag var blant anna Riksantikvar Jørn Holme, styreleder i Norsk Kulturarv, direktør i Norsk Kulturarv Grete Horntvedt på besøk og såg på Nedre Stugu. NRK var også til stades!

http://www.nrk.no/nett-tv/distrikt/ho/verdi/123781/

lørdag 26. desember 2009

Takk til!








Norsk Kulturminnefond,  http://www.kulturminnefondet.no/


Takk for økonomisk støtte i året som har gått, vi ser nå at utan tilskot hadde dette prosjektet vore vanskeleg å gjennomføre. 

Mange personer har kome med verdifulle råd, blant anna "Sprossa" som velvillig svarte på sprørsmål då eg ringte: http://www.sprossa.no/



Forebels interiør.
Kjøkenet er laga av Ekre snekkerverksted på Lalm. Dette er plassert der sultklevan låg.

fredag 25. desember 2009

Vindauge

Gamle bilete, og rester etter eldre vindauge synder at det har vore småruta glasruter i Nedre Stugu. Glasa i 2. etasje er typisk sveitserstil, ein stilart som kom til Gudbrandsdalen ca 1890. Veden i eldre glas er ofte av god kvalitet difor valde vi å behalde dei gamle glasa i staden for å byte desse ut med småruta glas som det opprinneleg har vore.