torsdag 20. august 2009







Timraveggene i klevan vert rappa. Linoljemåling er bestilt frå Sverige, og klevan skal målast i dei eldste fargene som er funne under dei mange laga av måling. Penklevan vart dermed rosa, med københavnergrønt på dei tri nedste stokkane. Øverst mot lista skal det målast ei rosa stripe. Arkitekt Jan Andersen, tidlegare ansett sjå riksantikvaren har vore fargekonsulent.

Då vi restaurerte Øvre Stugu etter brannen i 2000, vart timbraveggene sparkla og likna på plastikk. Vi var beviste på at denne gongen skulle kun grove sprekker rappast med ei blanding av rugmjøl, sand og vatn.

Ingen kommentarer: