onsdag 20. august 2008

Krone og takbjelker




Himling i klevan. 
Vi skulle som planlagt fjerna dei sekundære huntonittplatene som dekte den originale himlingen. Det viste seg da at 3 av 4 originale takbjelkar var knekt tvers av. Årsaken var at bjelkene var lagt på tvers i rommet, ca 7m lange mot vanleg at bjelkar i klevar er lagt på tvers av rommet og her fått ei lengde på bere ca 4,2 m. Vi ser at da dei ein gong i tida skulle gjere i stand 2.høgda av huset og sikkert fylte meire silt  og også stein på himlinga måtte dei leggje inder bjelkane ei "krone" for å hjelpa bjelkene med bæringa. Krona var lik den i stugurommet. På 1900- talet vart krona teken ut att da klevan skule få ei ny rominndeling med delevegg ved sida av krona. Vi har nå saga ny krone som skal inn i dei gamle spora att. Vi har også fjerna tyngda på bjelkane ved å ta ut silten og steinen ca 9 kubikkmeter. Dei knekte bjelkane vil da kunne brukast som før. 

Einar Holen, 27.6.2008
Utdrag frå brev til kulturminnefondet. 

Ingen kommentarer: