onsdag 20. august 2008

Grunnmur



Grunnmur: 
Ein har sett at grunnmuren hadde ei utbuling mot sør under stugurommet. Dette visste ein det måtte gjerast noko med for grunnmuren under klevan på same sida hadde vorte rearert for fleire år sidan på grunn av utbuling og utrasing. For å kjenne betre korleis muren var stakk vi eit spett ned i muren. Dette var nok til at utvulinga "sprakk" og fleire kvadatmeter med mur rasa. Det viste seg at muren ikkje var skikkeleg mur men berre ei oppløing av stein, der ein under oppløinga hadde pakka silt, lokalt kalla leire, bak kvar stein slik at han låg roleg. Muren hadde stein som bygde frå 10cm til 60 cm inn i silten. Den delen av muren som skulle være synleg innanfrå hadde fin fasade medan den delen som skulle vera synleg utanfra og det som var i den gamle kjellaren hadde fin fasade. "Baksida av muren var å sjå på som ei røs

Spørsmålet var kva ein nå skulle gjera for å sikre at mest mogleg av muren vart ståande. Preisen som stod på ei steinrøys som støtta seg mot muren som rasa ut måtte fyrst sikrast. Betong vart brukt ved oppmuringa att av muren under klevan og vi fann ut at vi fekk bruke betong nå også. Alternativet var å la all mur eller eller røys rase ned og mure opp att tradisjonell mur. Vi støtta difor peisen og veggande som stor opp med stolper og stag og støypte opp permanent sikting under peis, innvendig på søre mur og utvendig på muren til den gamle kjellaren. Nå blir det i alle fall solidt og der er framleis mogleg å sjå korleis "muren" ein gong var orginal. Betong utvendig blir berre inder bakken. Mur over bakken blir foga i hop. I den nye muren mot sør set vi inn ei dør slik at ein nå kan gå inn i kjellaren utan å gå ned gjennom kjellarlemmen. Muren blir nå ståande på fjell huset rundt. 

Dette var ein av fleire uforutsette arbeidsoppgåver som dukka opp. 

Utdag av Einar Holen  sitt brev til kulturminnefondet, 27.6.2008. 

Ingen kommentarer: